Personlige verktøy

Song til klappeleik: Å panni - panni - panni

Barnetradisjon, Vallegata Oslo 1988

 

Å panni - panni - panni

Elle gimmi - gimmi - gimmi

Mustafa - fa - fa

Alli ga

 

 

Dotter mi, Tina, lærde klappeleiken og songen i 4 årsalderen av hjarteveninna si, to år eldre Victoria som hadde lært han i miljøet tilknytta barnehagen sin. Songen har fylgd oss i alle år etterpå, og vi, også mannen min, syng han rett som det er og minnest den herlege jenteleiken - typisk og effektivt formidlar og øver han motorisk tame og kulturell mestring.

 

Kva språk eller opphav songen gjenspeglar har eg inga formeining om, men eg har ein tanke om at Mustafa er eit mannsnamn frå tyrkisk eller kanskje heller nordafrikansk tradisjon. Skulle gjerne visst om det er nokon som har denne songen og kan klargjera innhald og opphav. Kanskje Mangfaldige minner kan hjelpe meg.

 

I alle fall er dette eit viktig minne for oss, faktisk det fyrste møtet vårt med barnetradisjon frå andre himmelstrok her i Noreg.

 

 

Vallegata 20. mars 2009

 

 

Med beste helsing frå Jarnfrid Kjøk

Side-alternativer